Tryggleik
og badereglar
Vi som jobbar i Osbadet er her for at du skal ha fine opplevingar. Tryggleik og trivsel er alltid vår høgste prioritet.
Vis omsyn til andre gjestar og hugs å dusja før du går i bassenget. Du finn meir om personvern her.
Hygiene før bading
Luktar det klor av deg etter at du har vore i bassenget? Då kan det hende at du burde dusja betre før du hoppa uti. Fri klor luktar ikkje. Men når klor startar prosessen med å halda bassenget reint, og reagerer med smuss og skit, får vi bunden klor – og den luktar. Difor er det viktig at du dusjar utan badebukse og med såpe og sjampo før du går i bassenget, sjølv om du også dusja heime. Er du ikkje heilt rein før bading, vil du lukte klor etterpå. Er alle reine før dei badar, blir dessutan miljøet i vatnet og lufta betre – noko alle har glede av!
Ordensregalar
- 
Vis omsyn til andre gjestar.
 - 
Barn under 10 år har kun tilgang saman med badande vaksen som skal ha tilsyn med barnet.
 - 
Personar som ikkje er symjedyktige, skal bada saman med symjedyktig badande ledsagar.
 - 
Det er kamera forbod i garderobar, dusjar, badstuer og solarium. Bruk av kamera inne i symjehallen berre etter avtale med badevertane.
 - 
Følg skilting, informasjon og anvisning frå badevertane. Klandreverdig eller uvoren opptreden kan medføra bortvisning.
 - 
Tilgang og bruk av Osbadets fasilitetar skjer ved gyldig billett. Ledsagarar som ikkje skal bada, må gå barbeint. Badetida er satt til 2 timar.
 - 
Gyldig inngangsarmbånd skal brukes i badet og låser opp/igjen garderobeskap.
 - 
Osbadet tar ikkje ansvar for dine eigedelar. Sørg for å ta med deg alle eigedelane heim. Sjå etter at skapet er tomt.
 - 
Gjengløymde ting blir tatt vare på i to veker. Etter den tid blir gjenstandane gitt bort til humanitære/ideelle organisasjonar.
 - 
Fottøy skal takast av med ein gong du kjem inn i garderobane og plasserast i sko hyllene. Dei som ynskjer det kan oppbevare sko i garderobeskapet.
 - 
Sko er forbode inne i symjehallen, dersom spesielle forhold tilseie bruk av sko, skal blå skotrekk brukast.
 - 
Barn under 3 år, epileptikarar, personar med hjarte- og karsjukdommar, diabetes eller er gravid, frårådast å bruka boblebad og badstovene.
 - 
Unngå løping av omsyn til både din eigen og dei andre gjestane sine tryggleik.
 - 
Hopp og stup er kun tillatt frå den djupe kortsida på hovedbassenget. Leik og skubbing frå kanten medfører risiko og ubehag for den som rammast.
 - 
Snorkelbruk og symjeføter er forbode, utan spesiell løyve ved trening.
 - 
I badet er det forbod med tyggis og snus. Rusa personar vil bli vist bort.
 - 
Røyking er kun tillat på anvist plass utanfor bygget.
 - 
Alle badar på eige ansvar, badevertane er her for din tryggleik.