Svømming som trening

Har du vurdert å starta med symjing? ​​​​​​​Her er nokre grunnar til kvifor du bør starta.


person i basseng

Kom i gang

Symjing er godt for kroppen og det passar for alle. Det er ein aktivitet som trenar heile kroppen, armar, rygg og bein. Nokon synes kanskje det ikkje er så freistande å ta seg ein løpetur, sykkeltur eller gå på treningsstudioet. Då kan symjing vera ein fin måte å komma seg i aktivitet på, som i tillegg ikkje er vêravhengig. Symjing er også flott å supplera anna type trening med, då symjinga ikkje belastar musklane i særlig grad. Har ein ikkje trena noko særleg tidlegare, eller symjeteknikken er litt rusten, kan symjing vere tungt i starten. Då er det lurt å ta det gradvis, samstundes som ein har fokus på teknikk. Dette vil i lengda gjere øktene meir effektive og gje meistringskjensle på vegen.
person i basseng - crawl

Variasjon i symjinga

I hovudsak er crawl-, bryst- og ryggsymjing dei mest brukte symje-artane. Variasjon mellom dei nemde artane kan gi betre resultat av treninga. I byrgjinga er det nok lurt å halde seg til kortare intervallar når du sym, slik at du held god teknikk. Etter kvart som teknikken betrar seg og formen blir betre, kan ein symje lengre intervallar og distansar. Det mest effektive er gjerne å symje 50/100m intervallar med korte pausar (20/60) sek pause. Utstyr kan ein også nytta i symjing for å få ytterligare variasjon. Svømmebrett, pull boy, snorkel, pads og svømmeføt er nokre supplementa ein har i symjing. Desse egnar seg godt til teknikk trening og meir isolerande øvingar.

person som skal til å stupe i basseng

Set deg mål

Om målet er masters, triatlon eller betre helse, så er det viktig å setje seg mål. Alle byrgjar i bassenget med ulike forutsetningar, og alle har eit mål om å bli betre. Symjemerke/ferdighetsmerke kan vera ein god start for dei som ikkje sym så mykje. Dei med litt meir trening kan prøve seg på eit triahtlon, kor distansane strekk seg frå 750--3900m. I triahtlon kan ein sjølv velge symjeart, sjølv om crawl heilt klart er den lettaste arten å utføra med våtdrakt. For dei mest erfarne symjarane kan masters vera eit fint mål. Få ein kickstart allereie no med Crawlkurs fra Osbadet.


tegning svømmeteknikk

Litt teknikk-tips

Bruk eit par minutt når du er i bassenget og øv på linjehaldning, dette er tilrådd uansett nivå. Det hjelper for å minske vatn-motstanden når ein sym, og det gjer òg at ein blir betre til å flyte. Frå tidligare er det mange som har lærd at ein skal symje bryst med breie(store) armtak og beinspark. Det er ikkje heilt riktig. Vi ynskjer å skape minst mogeleg vatn motstand når vi sym. Dette gjer vi ved å halde armtaka og beinsparka tettare til kroppen, og utnytte gli-fasa mellom taka. Når ein glir skal ein ha ei god linje (som illustrert over).
Dette er med å skapa større fart, og avlaste spente musklar i nakke/rygg.


Les også artikken om AquaRun  ​​​​​​​


Kontakt Osbadet

Osbadet KF
Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20

Osbadet KF

Facebook

post@osidrettspark.no