Os idrettshall

Os idrettsråd/kultureininga tildeler organisert aktivitet på kveldstid etter søknad. Osbadet KF tildeler tid til organisert aktivitet på dagtid, helger og ledig kveldstid.

Søknadsfrist for tildeling av helger for neste sesong haust/vår er 1. mai kvart år. Send søknad til post@obadet.no.

Alle som brukar anlegget må rydde på plass utstyret etter bruk og plukke opp boss. Hallen skal tørrmoppast kvar kveld av dei som er sist i hallen.

Hald Os Idrettshall rein, brukbosskorgene!

Telefonnummer til Oshallen er: 56 57 61 20

Treningstider

Her kan du sjå treningstider i Os Idrettshall

Brannsikring

Etter brannforskriftene kan det ikkje vere meir enn 280 personar på galleriet (tribunen), og ikkje meir enn 1020 personar til saman i heile hallen. Det er plassert brannsløkkeapparat i hallen rett innanfor hovudinngangen og i resepsjonen til Osbadet.

Det er plassert brannslange i mellomgangen mellom garderobane og hallen og i trappa ned til garderobane. Utgangsdørene er merkte og har panikkopnar. Med eit enkelt grep kan du opne dei frå innsida sjølv om dei er låste. Det er røykeforbod, og den ansvarlege for tilskipinga skal sjå til at dette blir etterlevd.

Kontakt Osbadet

Osbadet KF
Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20

Osbadet KF

Facebook

post@osidrettspark.no