Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20
Osbadet KF
(Det blir ikkje open hall vinteren 2021 pga smittevern)
Kvar søndag om høst og vinter er det open hall i Oshallen frå kl. 10-12. Det er eit gratis lågterskeltilbod til alle born og familiar som ønskjer å nytta seg av det.
I Oshallen kan born leika med ball, tau, syklar, madrassar, bowling, bandy og liknande. Vi har også ein populær 8 gangar 8 meter stor luftfylt madrass med innlagt trampoline.
Det vil vera tilsette til stades frå Osbadet som vil passe på at sikkerheten og trivsel til gjestane blir ivaretatt.