Babysvømming

Babysvømming er ein vassaktivitet der borna lærer å verte trygge i vatn. Barnet sine sansar og motorikk vert stimulert og utvikla, og barnet lærer respekt for vatn og sjølvbergingsøvelsar. I tillegg er dette ein sosial aktivitet som born og foreldre kan gjere saman. Hovudmålet med babysvømming er å lære babyen å vere trygg over og under vatn, og samtidig skape eit tidleg grunnlag for sjølvberging. Barnet vil ha glede av å delta på babysvømming resten av livet. 


Vanntilvenning

Babysvømming byr på vassglede og meistring.  Det er tidleg fokus på pusting. Babyane får kyndig opplering i å halde pusten under vatn.   Fokuset er difor at babyene skal lære dette på sine premissar. 

 

 

 

Første gang på babysvømming

Sett av god tid dei første gongane, og la barnet venne seg til miljøet i sitt eige tempo. Ha god og nær kroppskontakt med babyen for å skape trygge omgjevnadar. For dei minste kan det varme vatnet vere ei påkjenning over tid, då er det lurt å planlegge mating og søvn i forkant. 

 

 

Kvar og når?

Babysvømming kan ein starte med allereie når babyen er 6-8 veker(4kg). Grensa er sett frå 6-8 veker og minimum 4 kg pga at vi vurderar at borna då er meir motstandsdyktige mot nedkjøling. Det ikkje nokon kjende negative helseeffekter med babysvømming. Det kan variere noko mellom badeanlegga kor gamle borna er ved oppstart. Osbadet startar opp to kurs i året, eit om våren og eit om hausten. Kurset vert halde i terapibassenget som held 34°C, noko som gjer det godt og behagelig for både baby og foreldre. 

 

 

Virket dette intressant kan du sjekke vårt neste Babysvømmings-kurs

 

Kontakt Osbadet

Osbadet KF
Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20

Osbadet KF

Facebook

post@osidrettspark.no