AquaRun

Aquarun ei alternativ treningsform med inga skadeleg belastning.

AquaRun er like effektivt som løping på land, men meir skånsamt for bein og musklar. Aquarun eller løping i vatn har eksistert lenge, men har dei siste åra vorte noko enda fleire ser seg nytte av. Profilering frå kjende utøvarar som Ingebrigtsen brødrene, har gjort fleire merksame på treningsforma. Aquarun er i prinsippet veldig enkelt og krev ingen spesiell teknikk eller kompetanse. Ein treng kun eit belte som ein får låna i dei fleste badeanlegg. Etter beltet er festa rundt livet, lener ein seg litt fram i vatnet, og så startar ein å løpe.


Men korleis kan det vera like effektivt som vanlig løping? National Strength and Conditioning Association gjorde ei undersøking på ti utrente utøvarar. Fem av dei skulle løpe vanleg, og dei andre fem skulle løpe i vatn. Før dei starta treninga, testa alle 10 utøvarane V02max (kondisjonen sin). Etter 10 veker viste resultata at alle utøvarane hadde forbetra sin V02max i lik grad. Altså at effekten for dei 5 som løp i vatn var like god som for deltakarane som løp på land. Testinga vart også gjort på ulike brukargrupper som barn, eldre og personer med forskjellige hjarteproblem. Kjelde til undersøkinga:

Kven er det for?

Aquarun kan brukast av dei fleste, om det er for rehabilitering, restitusjon, vektnedgong eller som ei alternativ treningsform. Den låge belastninga gjer at fleire kan gjere seg nytte av treningsforma. Pasientar som nyleg har operert, kan starta opptreninga i vatn tidligare enn på land, og kan halde den fysiske forma lettare. Grupper som er vant til større belastning, spesielt løparar, kan benytte aquarun som ei avlastande trening. Madelen Holme Koldal (bildet over) spelar fotball for Arna Bjørnar og landslaget, ho pådro seg ei korsbåndsskade sist haust. Etter ei så omfattande skade, var det viktig for Madelen å koma fort og godt attende. I opptreninga har Madelen brukt aqurun som eit middel for å trene kneet opp igjen.

Tips

Eit par ting kan vere greit å vite når ein skal løpe i vatn. Løpinga foregår på den djupe delen av bassenget, og beina skal ikkje treffe botnen. Brukar du pulsbelte? Då vil du oppleve at pulsen ikjke blir like høg som når ein løper på land, dette på grunn av at trykket i vatnet hindrar lungene i å utvide seg i like stor grad som på land. Makspulsen vil ligge cirka ca.10% lågere enn normalt, men det påverkar ikkje resultatet av økta. Del gjerne treninga opp i korte eller lengre intervallar for å få meir variasjon i treninga. Sjølve jogginga i vatn kan opplevast som noko keisam, då kan tilskot som musikk eller ein treningspartnar vera greit.


Du kan prøve AquaRun i Osbadet akkurat når det passer deg. Spør en av de ansatte om et belte helt kostnadsfritt, så kan du starte treningen.

Les også artikkelen om Svømming som trening 

Kontakt Osbadet

Osbadet KF
Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20

Osbadet KF

Facebook

post@osidrettspark.no