eit moderne badeland for heile familien

Om osbadet

Om osbadet

I bad for betre helse

Osbadet har eige terapibasseng, med enkel tilkomst for rørslehemma, og eigen terapibenk. Lokale lag har vore med heilt frå planlegginga av, og fleire brukar terapibassenget til faste tider.

Klor, lukt og hygiene

Luktar det klor av deg etter at du har vore i bassenget? Då kan det henda at du burde dusja betre før du hoppa uti. Fri klor luktar ikkje. Men når klor startar prosessen med å halda bassenget reint, og reagerer med smuss og skit, får vi bunden klor. Og den luktar. Derfor er det viktig at du, sjølv om du dusjar heime før du kjem i Osbadet, dusjar på nytt, utan badebukse, og vaska deg med såpe og sjampo, før du går i bassenget. Er du ikkje heilt rein før bading vil du lukta klor etter bading. Er alle reine før dei badar vil dessutan miljøet i vatnet og lufta bli betre – noko alle har glede av!

− God start og positiv utvikling

Osbadet opna med brask og bram 20. september 2006. Etter drøye to års drift kan dagleg leiar Leif Gunnar Borgen ta ei oppmuntrande oppsummering.

− Vi fekk ein god start og har hatt vekst i besøkstalet sidan. Like kjekt er det med alle dei fine tilbakemeldingane, mange synes det er eit flott og oversikteleg badeland, seier Leif Gunnar Borgen. Vêr og vekst Dei første månadane var besøkstala svært gode, men i desember var det noko rolegare. ”Heilt vanleg”, fekk Borgen beskjed om frå andre som driv badeland. Noko han også lærte tidleg, var korleis vêret verkar inn på besøkstalet.

− Sjølv om sommaren 2007 hadde dårleg vêr og vi hadde mykje besøk, blei totalen for 2008, då sommaren var solrik, betre enn året før, fortel Leif Gunnar. Det årlege besøkstalet auka frå 61.072 i 2007 til 63.358 i 2008. I tillegg kjem skulebading, som utgjer rundt 30.000 elevbesøk per år.

Fersk besøksrekord

Fire dagar før eittårsdagen til Osbadet passerte besøkstalet per dag 500 for første gong. Sidan har rekorden blitt slått fleire gongar.

− Rekorden per mars 2009 er frå sundag 11. januar i år. Då det var 710 badande. Den månaden med best besøk er oktober 2006, med 8.091, den nest beste er oktober 2008, med 7366, seier badesjefen.

Få justeringar

Leiing, styre og prosjektgruppe gjorde tydelegvis gode førebuingar til opning, det er gjort få justeringar i etterkant. − Frå første dag har vi hatt hovudfokus på tryggleik, reinhald og service. Rutinene vi la opp til har fungert godt, det vi har justert litt på er meir interne løysingar og turnus.

− Det vi framleis har ein evalueringsprosess på er opningstider, spesielt i skuleferiane, seier Borgen. Av nytt som kan koma i framtida nemner han tidtakar på rutsjebanane og terrasse ut mot idrettsanlegget for bruk om sommaren.

Ei frisk og stabil stamme

Også stallen har vore stabil sidan start, det har vore lite utskifting i den faste gjengen, medan deltidsstamma stort sett har endra seg når nokon av dei tilsette har byrja på andre skular, flytta eller tatt førstegongsteneste.

− Vi har vore heldige, fått ei stabil stamme, eit godt arbeidsmiljø og stort sett god søkjarmasse til ledige stillingar. Dette gjer det lettare å halda ein god kompetanse blant dei tilsette. Og på Osbadet held folk seg friske og møter opp til jobb, sjukefråværet er så lågt at Borgen kan fryda seg over eit oppmøte på 99 prosent.

Osbadet i dag

Onsdag 22 februar 2012 - Osbadet er alltid opent for alle
08:30 til 13:30 Skulebading Hovedbasseng og Terapibasseng
17:00 til 19:00 Terapibasseng utleigd
18:00 til 19:00 Bane 1 og Bane 2 Hovedbasseng utleigd
19:00 til 20:45 Terapibasseng utleigd

Opningstider

MÅNDAG 08.30 - 21.00
TYSDAG 08.30 - 21.00
ONSDAG 07.00 - 21.00
TORSDAG 08.30 - 21.00
FREDAG 08.30 - 20.00
LAURDAG 10.00 - 18.00
SUNDAG 10.00 - 18.00

Bursdag

Start festen med om lag ein time bading, hald fram med mat og drikke i eige rom. Pris per person: 130 kroner.

Inkludert i pris:

  • Bading
  • Brus, hot dog og is
  • Eige rom med mulighet for å sjå video på storskjerm.

Prisar

Sjå komplett prisliste

Opningstider

Komplett timeplan

Kvar er Osbadet

Sjå kart og beskrivelse

Om osbadet

Historia og vegen hit

Fasiliteter

Tilbod og muligheitar

Kontaktinformasjon

Osbadet KF
Idrettveien 39
5200 Os
Postboks 111
5202 Os

Telefon : 56 57 61 20
Telefaks: 56 57 61 21

Samarbeidspartnare


Fatal error: Unsupported operand types in /home/osbadfjp/public_html/sites/all/modules/fb_social/fb_social.module on line 201