Torbjørg tilsett som dagleg leiar

Torbjørg Brattabø(51) er tilsett som dagleg leiar i Osbadet KF.

Sidan Desember i fjor har Torbjørg fungert som konstituert dagleg leiar i Osbadet KF. Før den tid har ho vore tilsett som nestleiar på Osbadet. Torbjørg har jobba til saman 10 år, både som badevert og i administrasjonen. Ho har stor kjennskap både til bygningen og til brukarane.

Kollegaene beskriver Torbjørg som glad, sprudlande og veldig strukturert.

- Eg ser fram til å leia Osbadet i tida framover. Det er ei flott gjeng med tilsette som jobbar her, og eg føler meg privilegert som får jobba med dei. Det er mykje spennande som skjer på Osbadet for tida. Ikkje minst er det spennande med bygginga av den nye fleirbrukshallen, seier Torbjørg. 

Kontakt Osbadet

Osbadet KF
Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20

Osbadet KF

Facebook

post@osbadet.no