Svøm frå Os til Fusa

Osbadet og SWIMTAG utfordrar folk til å symje frå Osøyro til Eikelandsosen ved bruk av SWIMTAG i Osbadet. Alle som fullførar er med i trekning av flotte premiar. 

I forbindelse med den kommande kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa ønskjer Osbadet å utfordre innbyggjarane i dei to kommunane til å symje mellom Osøyro og Eikelandsosen. Avstanden er 17 km og utfordringa varar frå 15. september til 31.desmber 2017. Om ein klarer å fullføre er ein med i trekninga av flotte premiar:

  • Eit halvårskort til Osbadet
  • Eit klippekort på 10 klipp til Osbadet
  • Gratis plass på crawlkurs

Vi trekker også trøystepremiar blant alle som deltek i utfordinga.

Dersom du ikkje har SWIMTAG-brukar ber du berre om ei SWIMTAG-brikke i resepsjonen og så nyttar du den til å registrera deg enkelt på nett. Ein må melde seg på utfordringa via SWIMTAG sine heimesider der ein må godta utfordringa eller ved å trykka her og melde seg på.

Inviter gjerne vennar og familie til å delta. Klar, ferdig, SVØM!

Kontakt Osbadet

Osbadet KF
Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20

Osbadet KF

Facebook

post@osbadet.no