Open hall startar opp igjen etter sommarferien!

Førstkommande sundag er det open hall i Oshallen igjen frå klokka 10-12. Det er gratis for alle som ynskjer å kome.

Etter ein pause i sommar er det no klart for ei ny runde med open hall. Her vert det satt frem apparater frå idrettshallen. Det er syklar, tjukkas, hoppemadrass og ballar med meir. Open hall startar klokka 10 og varar fram til klokka 12. Ei av Osbadet sine tilsette vil vere til stades og sjå til at sikkerheiten er ivareteke. Det er flott om nokre foreldre vil hjelpa å rydda saman utstyret etter open hall er slutt. 

Kontakt Osbadet

Osbadet KF
Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20

Osbadet KF

Facebook

post@osbadet.no