Nytt crawlkurs i september

I september er det igjen crawlkurs på Osbadet. Det er to kurs, eit for vidarekommande og eit for nybegynnarar. 

Instruktørar på kurset er Markus Pettersen og John Hauge. Det vil vere tilpassa opplegg til alle deltakarar, og tett individuell oppfølging.

Nybegynnarkurset passer best for dei som ikkje har svømt så mykje crawl før, men som ønskjer å lære seg å beherska crawl skikkeleg. Her vil det vert gjennomgått dei grunnleggande prinsippa i crawling som armtak, beinspark, linje og pusting.

Vidarekommande er for dei som har svømt ein del crawl tidlegare, men ønskjer å terpa meir på teknikk og symjing over lengre distanse. Fokuset vil vere på effektiv symjeteknikk som gjer at ein mestrar symjing over distanse. Kurset passar perfekt for dei som har vore på nybegynnar-kurset eller for dei som ønskjer å delta i Triathlon.

 

Kurset startar opp torsdag 14. September og går på føljande tidspunkt:

 

Nybegynnarar:                            20.00 – 21. 00

Vidarekommande:                       21.00 – 22. 00

 

Kurset går kvar torsdag over 10 gonger og kostar 2000kr.

Påmelding gjøres her:

Nybegynnar

Vidarekommande

 

Dersom ein er ei bedrift eller vennegjeng på fem personar eller meir er det mogleg å få grupperabatt. Ta kontakt på post@osbadet.no for å få eit tilbod. 

Kontakt Osbadet

Osbadet KF
Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20

Osbadet KF

Facebook

post@osbadet.no