Kurs

Her finn du symjekurs i både vår og andre sin regi.

Osbadet har ein rekke ulike kurs som er retta mot både born og vaksne. Frå borna er nyfødt kan dei delta på babysymjing i regi av Osbadet. Dei litt større borna kan delta på småbornsymjing. Frå dei er 5 år og oppover er det Os Svømmeklubb som tilbyr kurs. For vaksne er det crawlkurs både for nybegynnarar og for vidarekommande. Dersom ein ikkje føler seg tilpass i nokon av kursa er det mogleg å få privattime med instruktør. Her vil ein få ein-til-ein oppfølging av ein kyndig instruktør som vil lage eit skreddarsydd opplegg tilpasse kvar enkelt sitt behov. Timane passar godt både for born og vaksne. 

 

Os svømmeklubb

Det er fleire tilbod om kurs i Osbadet til dei som har fylt 5 år og oppover. Då er det Os svømmeklubb som held kursa. Os svømmeklubb arrangerer begynnarkursa Hval, Skilpadde, Pingvin og Selunge (terapibassenget) samt dei vidaregåande kursa Sel og Sjøløve (25m basseng) i Osbadet. Kursa går to gonger i året.

For meir informasjon og om desse kursa sjå www.ossk.no.

Andre kurs

Det er også ulike kurs for grupper som leiger tid i bassenga våret. Blant dei er det:

Os LHL

Os Fibro

Os Revmatikerlag

Kontakt Osbadet

Osbadet KF
Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20

Osbadet KF

Facebook

post@osbadet.no
Buss til Os finn du her