Gratis minikonsert med Henrik og Emma Noor!

Laurdag 30. September kan du oppleva artistane Henrik og Emma Noor i foajéen i Osbadet. Dei stiller med gratis minikonsert kor dei syng tre songar. 

I vår tok Osbadet med seg hinderløypa si ned til Oseana. No kjem Oseana til Osbadet. Laurdag 30. September kan du nemleg oppleva artistane Henrik og Emma Noor i foajéen i Osbadet, når Oseana «låner» dei ut frå haustprogrammet sitt. Dei stiller med gratis minikonsert kor dei syng tre songar, før dei held full konsert i Oseana seinare på kvelden. 

Om artistane:

Henrik og Emma Noor deltok begge i MGPjr 2015 og har heldt ei rekke konsertar over heile landet. Dei blir omtala av tidlegare arrangørar som ungdom med stort scenisk talent og sterk og ekte formidlingsevne. Dei engasjerer publikum og utviser ein profesjonalitet på nivå med vaksne artistar.

Emma Noor (14) frå Bryne begynte songkarriera som 7-åring. Ho har hatt hovudrolla i fleire store musikalar, vunne fleire musikkprisar, produsert og gjeve ut musikkvideo og delteke på MGPjr sommarturne 2016. Ho har det siste året hatt over 100 songoppdrag. 

Henrik (15) frå Bærum starta si karriere i barne-TV allereie som 5-åring og har sidan fått mykje sceneerfaring. Han har hatt ei større rolle i musikalen Oliver på Oslo Nye teater, spela ei hovudrolle i den populære serien Jenter på NRK Super, og var ein av artistane under kongeparet sin 25- årsjubileumskonsert. 

Sjå link for ein liten smakebit på kva konserten kan by på: 
https://www.youtube.com/watch?v=-E7vYzkmgvw

Alle med billett til kveldskonserten i Oseana får halv pris på badebillett hos Osbadet 30. septemeber.

Billetter til sjølve konserten i Oseana kan du kjøpa ved å trykke her

Kontakt Osbadet

Osbadet KF
Idrettsvegen 39
5210 Os
TLF: 56 57 61 20

Osbadet KF

Facebook

post@osbadet.no