eit moderne badeland for heile familien

Kurs og konferanse

Konferanserom

Osbadet har eigen kiosk og kafé, og eit større konferanserom for utleige.

Dei har også drift og utleige av Oshallen, som blant anna inkluderer helsestudioet Nautilus i kjellaretasjen. Kiosken og kafeen, som er betjent frå resepsjonen, er sjølvsagt open i heile opningstida til badet. Badetøy, symjebriller og flyteutstyr er for sal i kiosken, medan kafeen byr på varm og kald drikke, hot dog, calzone, cold cat og kalde smårettar og meierivarer.

− Omsetnaden er stabil, men noko lågare enn vi hadde trudd. Derfor held vi våren 2009 på med å auka utvalet i menyen, seier Leif Gunnar Borgen.

Konferanse og bursdagsfeiring

Innanfor galleriet i andre etasje har Osbadet eit konferanserom med plass til rundt 60 personar. Rommet er utstyrt med trådlaust breidband, prosjektor, dvd-spelar, overhead og god ventilasjon. Toalett og eige kjøkken ligg like ved.

− Kuventræ er ein flott stad for konferanse, og møterommet er fleksibelt. Vi har blant anna bursdagsfeiringar for ungar i Osbadet, med både bading i basseng og servering og video i møterommet etterpå, fortel Leif Gunnar.

Allsidig bruk av Oshallen

I januar 2008 overtok Osbadet drifta av Oshallen. Hallen er fullbooka frå måndag morgon til seint fredag kveld, og i helgene er det ofte både handballkampar og andre arrangement. − Oshallen er leigd ut til familieaktivitetar for ungar i barnehagealder, vi har hatt storkonsertar der, og andre arrangement som krev god plass. Hallen har fungert ypparleg og fleire av våre leigetakarar planlegg andre store arrangement i framtida. I april 2008 flytta treningssenteret Actic inn i nyoppussa lokale på 600 kvadratmeter i underetasjen. Actic er ein kjede med fleire senter i nærleik til badeland rundt om i Noreg, og er i Oshallen på plass med både styrkerom, aerobicsal og spinavdeling.

Symjekurs i Osbadet

Osbadet arrangerer babysymjing og kurs for vaksne.

Påmelding til babysymjing til post@osbadet.no

Oppgi navn og fødselsdato på babyen, og navn mobil og mail til foresatte.
Legg ved evt kommentarer/spørsmål.

Påmelding til symjekurs for vaksne til post@osbadet.no

Oppgi navn alder mobil og mail, og kommenter evt kva dere ønsker kurs i.

Opningstider

MÅNDAG 08.30 - 21.00
TYSDAG 08.30 - 21.00
ONSDAG 07.00 - 21.00
TORSDAG 08.30 - 21.00
FREDAG 08.30 - 20.00
LAURDAG 10.00 - 18.00
SUNDAG 10.00 - 18.00

Bursdag

Start festen med om lag ein time bading, hald fram med mat og drikke i eige rom. Pris per person: 130 kroner.

Inkludert i pris:

  • Bading
  • Brus, hot dog og is
  • Eige rom med mulighet for å sjå video på storskjerm.

Prisar

Sjå komplett prisliste

Opningstider

Komplett timeplan

Kvar er Osbadet

Sjå kart og beskrivelse

Om osbadet

Historia og vegen hit

Fasiliteter

Tilbod og muligheitar

Kontaktinformasjon

Osbadet KF
Idrettveien 39
5200 Os
Postboks 111
5202 Os

Telefon : 56 57 61 20
Telefaks: 56 57 61 21

Samarbeidspartnare


Fatal error: Unsupported operand types in /home/osbadfjp/public_html/sites/all/modules/fb_social/fb_social.module on line 201