| MÅNDAG | 08.30 - 21.00 |
| TYSDAG | 08.30 - 21.00 |
| ONSDAG | 07.00 - 21.00 |
| TORSDAG | 08.30 - 21.00 |
| FREDAG | 08.30 - 20.00 |
| LAURDAG | 10.00 - 18.00 |
| SUNDAG | 10.00 - 18.00 |

Osbadet er ein viktig oppvekstarena i kystkommunen og regionsenteret Os.
Det blir halde eigne kurs i babysymjing. Desse har sidan start vore populære, så ver tidleg ute ved annonsering av neste kurs. Følg med på osbadet.no! Skulebading Når det er skulebading er deler av hovudbassenget likevel ope for andre. Her er tidene for skulebading: Måndag og onsdag: 08.30 - 14.30 (siste time SFO) Torsdag: 11.30 - 14.30 (Siste time SFO) Fredag: 09.00 - 15.00 (siste time SFO)
Visste du at ungane kan ta fleire merker allereie før dei har lært seg å symja? Du kan også ta distansemerker som 25 m, 100 m, 200 m (symjeknappen), 500 m eller 1000 meter, eller mosjonsmerker, der du sym frå 2,5 km til 10 mil i løpet av eit år. Sidan Osbadet opna har det per mars 2009 blitt selt 406 merker.
Vinteren 2007 var Osbadet med på på sin første kampanje frå Norges Svømmeforbund, «Svøm deg til Island». I Os var det 286 deltakarar og over halvparten klarte kravet. Det blei sumt til saman 2.495 kilometer i Osbadet i kampanjeperioden.
I 2008 kunne deltakarane vinna tur til Spania, i 2009 var tur til Sardinia i Italia hovudpremien. Osbadet har også hatt eigen symjekampanje, i desember 2008, med over 50 deltakarar. Fleire kampanjar kjem, følg med på osbadet.no!
| MÅNDAG | 08.30 - 21.00 |
| TYSDAG | 08.30 - 21.00 |
| ONSDAG | 07.00 - 21.00 |
| TORSDAG | 08.30 - 21.00 |
| FREDAG | 08.30 - 20.00 |
| LAURDAG | 10.00 - 18.00 |
| SUNDAG | 10.00 - 18.00 |
Osbadet KF
Idrettveien 39
5200 Os
Postboks 111
5202 Os
Telefon : 56 57 61 20
Telefaks: 56 57 61 21
© / Osbadet KF E-post: post@osbadet.no